tirsdag 30. april 2013

Romantiske brikker frå min Hemmelege venn


Eg skreiv om utfordringa i quiltelaget i mitt forrige innlegg. Her kjem to fine brikker, som eg fekk tilbake.


Dette leverte eg i konvolutten.


Eg hadde ingen idé om kva det kunne bli av mitt utgangspunkt. 
Men desse brikkene var no kjempesøte då!
Dei grøne stoffa, den rosa-lilla tråden og sommarfuglen er frå konvolutten.


Desse romantiske brikkene passa godt til to turtelduer som var heime i helga:)
Tusen takk for koselege brikker, Astrid!


lørdag 27. april 2013

Sy noko nyttig til din Hemmelege venn


I Molde Quiltelag har vi hatt utfordringa "Sy noe nyttig til din Hemmelige venn".  Eg laga denne oppbevaringsveska. Hankane er festa med trykknappar, slik at den kan festast til armlenet på ein solstol f.eks. Knapp opp eine sida av handtaka, surr rundt armlenet og knapp på igjen. Det er eigen design og eigen patent.


Tidlegare leverte vi inn konvoluttar med to stoffbitar, band, blonde, brodérgarn og knappar/småting. Konvoluttane blei hemmeleg merka (av meg), og alle trekte ein konvolutt etter at dei var blanda. Dette låg i konvolutten eg trekte. Eg ville ikkje vite kven eg skulle sy til, eller kven som skulle sy til meg, så eg såg ikkje på lista etter at alle hadde levert inn.


Vi skulle sy noko nyttig, og bruke litt av alle kategoriane frå konvolutten. Resten brukte vi av vårt eige. Det var solsikkeknappen som sette meg på idéen om ei sommarveske. 


Denne solsikka er kanta med gult effektgarn.


Eg har brukt fleire bakgrunnsstoff på veska. Dette er frå ei pute eg kjøpte kun for stoffet. Kvadrata er vrangsydde og festa med ein knapp.


Denne skrive-/oppbevaringsplata hadde eg frå før, for eg laga to sist det var Hemmelegheit som utfordring i quiltelaget. Eg laga ei veske då også. Den kan du sjå her
Det er stoff og plastlommer rundt ei stiv plate. Der kan f.eks mønster og skriveark oppbevarast.

Inni er det mange lommer til oppbevaring av f.eks lesestoff, strikking, hekling, handsaum, strikkepinnar, solkrem o.l., i tillegg til plata.


På sida er signaturlappen min. Då eg viste veska på quiltemøtet og fortalte kva som var i konvolutten, var det Emma som meldte seg:) Håper ho kan få glede og nytte av veska. 
Seinare skal eg vise kva eg fekk av det eg leverte!
Har du lyst å sjå dei andre hemmelege produkta, kan du besøke Molde Quiltelag. Det er eg som styrer den bloggen også.

torsdag 25. april 2013

Blomstergåver


Først vil eg takke for dei varme og gode kommentarane i innlegget om søster mi. Det er godt å ha venner, både i omgangskretsen og i bloggverda. 


Eg har nettopp hatt bursdag, og då fekk eg så mange fine blomster som eg vil forevige her. 
Denne nydelege buketten fekk eg frå sonen og kjæresten. 
Det var ho som hadde satt den saman. Nydelege fargar.


Denne fine klokkeblomsten var også med.


Desse fine liljene kom frå svoger og svigerinne saman med andre spanande ting, som eg kjem til å vise seinare:)


Frå mannen fekk eg nydelege roser og solstol.
Eg vil nyte alle dei fine blomstrane i dagane framover, og når dei ikkje er meir, kan eg gå inn på bloggen og nyte dei så ofte eg vil:) Og eg deler gjerne blomstrane med deg når du kikkar innom. 
Det er koseleg at du besøker bloggen min:)

søndag 21. april 2013

Til minne


Denne lysengelen har eg laga til mi mor. 
Kvar april er det så mange dagar som minner oss om dei vi har mista. 


I dag, søndag 21. april, er det 50 år sidan storesøster Aud Kirsti ramla ned og drap seg då ho var på ein fjelltur saman med venner. Ufatteleg trist. Dagen etter, på sin 14 års-dag, blei ho lagt i kista.
I morgon, 22. april, ville ho ha fylt 64 år. Den 23. er det 20 år sidan vår far blei gravlagt, på min bursdag. Og 24. april er det 19 år sidan bestemor døde. Alle døde ein søndag.


Engelen fekk eit smykke med kvite perler, slik Aud Kirsti hadde på fotografiet. Og eg hugsar henne som snill, omsorgsfull, og med eit hjarte av gull. Vi bodde ved sjøen og mista henne i fjellet. Engelen har mange naturelement, som rekved, stubbe, kvistar og fjør.


Heldigvis var vi med fotografen hausten før den tragiske hendinga. Vi hadde ikkje fotoapparat heime, så derfor har vi ikkje så mange bilete å sjå tilbake på frå den tida heller. Her er eg og storebror saman med Aud Kirsti. Mor hadde sydd kjolar til oss av same stoff. Seinare kom det to gutar til, og dei har ikkje fått møtt storesøster si ein gong.


Her er vi ved grava hennar 50 år seinare. 


Mor, alle søskena og partnerar var med og sette blomster på gravene til henne og til far.



Eg tenkjer ofte på korleis det hadde vore både i oppveksten og seinare i livet dersom dette tragiske ikkje hadde skjedd. Eg er heldig å ha tre snille og kjekke brødre og deira flotte familiar, men eg saknar ei søster, som eg ein gong hadde. Til eldre eg blir, til meir saknar eg henne. Eg er sikker på at vi ville ha hatt mange felles interesser, og at ho også hadde vore glad i å lage ting med hendene sine. No lagar eg ting med henne i tankane. 

Det var 10 år og ein dag mellom oss, så vi kunne ha feira runde dagar saman også. I morgon skulle eg veldig gjerne ha vore i hennar 64 års-dag!


Fred over ditt minne, Aud Kirsti.
Frå di lillesøster og resten av familien.

onsdag 17. april 2013

B for ....


B for beste Bianca, mitt bedårende barnebarn:) Balanse.


Bursdagsbarnet sette potetrykket sitt som ring over Å-en.


Boblebad og balsam i pelsen


 Baller i pelsen etter boltring i bursdagssnøen.


Birgitte sitt første møte med Bianca.


Boksen til pinnene er malt og dekorert med stoff og hyssing.


Boksen til kvistene er dekorert med barnestoff og bark.


Bregne.


Blad.


Blåbæra får sette strek, for dette B-innlegget kunne ha blitt veldig langt:) 
Bieber fekk ikkje bli med.

søndag 14. april 2013

Hobbyrommet mitt


Eg må innrømme at eg likar veldig godt å kikke inn i andre sine hobbyrom, så då må no andre likesinna få sjå inn til meg også. Etter å ha okkupert både kjøkken og stue med mine kreativiteter i mange år, har eg no eit stort og godt hobbyrom i kjellaren igjen. Og jammen har resten av familien vore tålmodige med rotet mitt! Mitt "problem" er at eg ser nytte i det meste, og har samla sidan eg var unge. Og når eg likar å halde på med dei fleste hobbyteknikkar, så blir det fullt. No prøvar eg å få system. Lappestoffet har eg til no hatt i fleire bedroller-kasser, og det har fungert ganske bra. Men det blir fullt av kasser på bord og benkar når eg skal leite etter stoff i fleire fargar. Derfor har eg no plassert dei reine lappestoffa bak glasdører.


Stoffa er bretta flatt for å utnytte hylleplassen, og eg kan bla i fargebunkane. Så får tida vise om eg greier å legge stoffa fint på plass igjen etter bruk... Handymannen laga hobbyrom som 50 års-gåve, og kjøpte då både glasskåp og hyller på Ikea.


I vinter måtte eg spe på med fleire hyller for å få meir system, og då blei det to Ikeareoler til. Her er kassene fylte med garn, ull og filt. Toppen er fin å legge stoff o.l. på når fargar skal vurderast. Og så er det berre å legge dei FINT tilbake i skapet bak:)


Her er samling av diverse ting og tang, og eg har fått litt system på greiner o.l. etter naturprosjektet mitt.


I tillegg er her ei samling av mange typer innreiingar, og skap og skuffer får eg aldri nok av. I desse breie og grunne skuffene (som tidlegare var på barnerommet), har eg no samla effektgarn, som eg brukar ein del i syinga.


Dette steamjernet fungerer godt, og etter ønskje fekk eg det til 50 års-gåve frå mor. Glaskarmen er fylt med litt av kvart.


Og denne karmen er full av boksar med diverse hobbysaker. Ein kan no ikkje sløse med plassen.


Og her var det ei lita opning, så eg fekk pressa inn nokre hyller. Ikkje kom og sei at plassen ikkje er utnytta i alle fall!


Midt i rommet har eg eit stort bord til sying og skjæring. Maskina er senka for å gi ei stor syflate. Seinare skal du få sjå meir frå rommet:) Eg har fått mange nye lesarar sidan eg viste mitt herlege trådsystemet og andre ting frå hobbyrommet. Har du lyst å ta ein kikk på det også, så finn du dei innlegga her.
Og no vil eg oppfordre andre til å vise frå sitt hobbyrom! Folk har forskjellige utgangspunkt og driv med ulike hobbyar, men vi kan likevel utveksle god tips og idéar for oppbevaring og system.


Sidan det er sommardagen i dag, 14. april, må eg ta med eit bilete av årets første kusymre oppi fjellvegen. Vinteren og våren har vore utruleg fin, men det har vore kaldt om natta heilt til no, så det spirar litt seinare ute i år. I dag har det regna, og eg kan nesten ikkje hugse sist.

fredag 12. april 2013

Redesign av kjole


Det var ein gong ein strikka ullkjole som fekk ein litt for hard vask. Den var behageleg og mykje brukt, så noko måtte gjerast for å halde liv i den sjølv etter krymping. Kanskje litt hekling kunne gjere underverker. Som sagt, så gjort.


Her er baksida før livredninga starta.


Framsida var ikkje så mykje tess den heller.


Så det var fram med tynne og grå garnrestar. Ermane fekk eit par omgangar fastmasker i ei gråfarge, før ermane blei forlenga med eit blondegitter i lysare grå. Den ytterste kanten er forsterka med fastmasker.


Halskanten er også hekla i eit slags gitter, men det er ikkje så lett å sjå her. Det blei felt inn nokre masker for kvar omgang, slik at den skulle legge seg fint. Bærestykket fekk lyse striper som ein oppkvikkar.


Kanten nede er av to gråfargar og ein tungekant nederst.


Litt redesign redda den forkomne, men kjære kjolen, sjølv om den no lever vidare som tunika.


Og her er visst baksida på veg ut på ei prøverunde. Jammen er det godt å sleppe å dra i dei for korte ermane stadig vekk. No greier dei seg sjølve:)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...