fredag 28. juni 2013

Makeover av Ikeakrakk


Tidlegare har eg hatt eit par innlegg om formingsrommet på skulen, som er under oppussing. Der er nye reolar og innredning, og ein trekvit Ikeakrakk der toppen var merka "tilhører forming" med grøn sprittusj, kunne absolutt ikkje flytte inn. Så var det å bruke litt kreativitet på den då.


Først var det grunning og tre strøk måling både på krakk og papirreolar. Toppen av trinna hadde berre grunning, for dei skulle pyntast meir etterpå.


Så svartmåla eg kantane rundt trinna og inni opninga på toppen.


Trinna fekk decoupage med eit prikka papir. Etter at det var tørt, blei øvste trinn dekorert med fuglar og grein av stoff, og eit nytt lag med lakk. Stoffa er plukka ut frå dei eg applikerte på gardinene med.


Nå passar krakken mykje betre inn på "nyrommet".


Den har fått same type papir som eg hadde på skuffene på papirreolane,


-og eit par fuglar flaug ned frå gardinene.


Eg er endå ikkje ferdig med å sortere, plassere og flytte inn alt formingsmateriell, men det går framover, og eg trur rommet skal bli veldig bra. Du får sikkert kikke innom etter kvart som det utviklar seg:) Planen er å få til eit fint, praktisk, inspirerande og kreativt formingsrom, som skal stimulere og glede både elevar og vaksne:)



onsdag 26. juni 2013

Øyavis

                                  Foto: Odd Fremstedal.

Øyavis er ei lokalavis for Midsund, og den betyr svært mykje for alle i kommunen, og ikkje minst for utflytta midsundingar. Privatpersonar har drevet avisa i over 30 år, og dei har lagt ned ein imponerande innsats. Ved 10 års-jubiléet fekk dei tildelt kommunen sin kulturpris, og det var veldig fortjent. 
Her kan du lese om avisa si historie.

I siste avis var det ein artikkel om meg og naturprosjektet mitt. Quiltar med naturen, var overskrifta, og her kan du sjå heile artikkelen.



torsdag 20. juni 2013

Hjarteleg


Naturen er vakker og står mitt hjarte nær. Eg både beundrar og funderar over variasjonar og detaljar gjennom årstidene. Alt har ein samanheng. Sidan eg fekk stipend frå Norsk Quilteforbund for å prøve å sy med ting frå naturen, er eg endå meir på leiting etter ting som inspirerar. Og sjølv om eg går same turen nesten kvar dag, oppdagar eg stadig noko nytt. Eg er veldig glad i hjarteforma, så det aller første frå naturen, som eg prøvde symaskina på, er denne bjørkekvisten. Kvisten blei sydd fast samtidig som eg sydde fritt rundt.


Hjarte dukkar opp overalt, om det er fjøre eller fjell, vinter eller sommar. 
Her kjem eit lite utval til inspirasjon for meg sjølv, og kanskje for deg:)
 Tang og spor etter fjøremark.


Skjell og tang.


Fjør. 


Snøsmelting.


Dyrespor.


Lav på stein.


Frukt.


Snø.


Lav frå tre.


Trestamme.


Nysnø.


Han eller ho har eit hjarte av stein, blir det sagt. Men eg trur at det finst noko mjukt innerst inne med alle, men det er ikkje alle som greier å vise det slik dei gjerne vil. Er dei usikre, redde, har dårleg sjølvkjensle, blitt kua, såra, eller føler seg urettferdig behandla? Kva er grunnen til at enkelte hjarte blir forsteina? Kva har dei opplevd? Grunnane kan vere mange og samansette, og denne funderinga blei til berre på grunn av ein fin stein:)
Men det er kanskje betre å ha eit hjarte av stein, enn å vere hjartelaus.
I mitt hjarte har eg mange gode minner, men også nokre vonde sår. Eg blir varm om hjartet når eg ser at folk hjelper, rosar og løftar kvarandre. Eg blir glad når nokon lykkast med noko dei har streva med. Og du kor rørt hjartet mitt blir når ein elev strålar over meistring etter å ha prøvd igjen og igjen!  


Eg kunne ha snakka mykje med utgangspunkt i hjarte, men her har steinen over blitt fanga i eit nett av frihekling. Det at eg skulle sy eit produkt der ein stein spela hovudrolla, var i alle fall ikkje i mine tankar då eg søkte på stipendet. Det er noko med at vegen blir til medan ein går, og denne steinen oppdaga Birgitte då vi gjekk skogsvegen i Nord Heggdal. Etter at eg var ferdig med å presentere naturprosjektet mitt i Sarpsborg i vår, har det blitt lite produksjon. Det handlar om tid og overskot. Men lysta og planane er der, så no puffar eg meg sjølv til å lage fleire ting no når sommarferien står for døra. Eg elskar å pusle med slikt, men det er ikkje alltid så lett å kome i gang. Men når eg er i gang, aukar overskotet:)


Bakgrunnen her er frihandsquilta oppå ulike kvalitetar av stoffbitar, og litt strå er med frå turen. Teksta er sydd på frihand. Eg likar å gå mine eigne vegar og prøve ut både teknikkar og effektar ved hjelp av symaskina. Så får sommaren vise kvar vegen bringar meg. Bloggen vil nok få nye innlegg etter kvart.
Her er tidlegare innlegg frå naturprosjektet for dei som ikkje har fulgt med bloggen min så lenge. Det er mange ulike ting frå naturen som har blitt prøvd i syinga, og det var veldig inspirerande å halde på med.

Hjarteleg helsing frå Edny:)

fredag 14. juni 2013

Rask makeover på lampe


Ein rask makeover ga ny lampe. Dette hadde stått på vent lenge, men hadde liksom ikkje funne ut korleis eg ville gjere. Men når eg først fekk idéen, gjekk det fort.


FØR. Skjermen var øydelagt, og så kjøpte eg ein på salg nettopp for å fikse eit eller anna. Men så blei den ståande slik då, styggare enn styggast, heilt til eg tok rev i segla. Kom heldigvis på å forevige den i siste liten.


ETTER: Foten har fått eit lag med svart spraylakk. Skjermen har fått eit lår av ein tights i svart stretchblonde, som blei kjøpt på salg ein gong pga av stoffet. Og no kom det til nytte:) Eg tredde buksefoten over skjermen, klipte av øverst og nederst, og limte så kantane rundt skjellettet oppe og nede. Til slutt limte eg eit band nederst på skjermen. Og eg blei så fornøgd! 


No er det mykje kjekkare å slå på lyset:)


onsdag 12. juni 2013

"Nye" papirhyller


I eit tidlegare innlegg skreiv eg om oppussing av formingsrommet på skulen. Og som det som oftast er med oppussing, så dreg det eine det andre med seg. Tidlegare hadde eg kjøpt små reolar til å ha farga papir i, men mot den nye innreiinga var dei ikkje fine nok, så eg tok malekosten fatt. Her er to av reolane ferdige, men det tok si tid før eg kom så langt.


Eg hadde seks ubehandla reolar som såg ut som tre/pressa papp.


Innimellom undervisning og andre oppgåver, måla eg litt no og litt då. Grunning og tre lag måling tok si tid. Det var mykje pirk med så mange og trange hyller.


Men eg blei veldig fornøgd med resultatet, så det var verdt det:) 
Fronten av skuffene fekk decoupage i fargar som går igjen i rommet.


Eg kom ikkje til innerst i hyllene, men det meste blir nok dekt av innhald.


Og denne reolen, som eg har vist før, er utgangspunktet for fargane på skuffene.


Her er hyllene fylte med farga kartong, farga kopipapir, mønstra papir og mosegummi. 
Planen er at småbitar kan lagrast i dei små skuffene.


No er dei plasserte oppå ein hyllereol med store ark. 
Dei små reolane rommar A4-ark, så dei er ikkje så store.


Meir og meir kjem no på plass, så det blir kjekkare for fuglane også:)

lørdag 8. juni 2013

Galleri Milda


Molde Quiltelag tok sommarturen til øya Gossen i Aukra kommune i år. Paktfullt vér danna ramma rundt ein opplevelsesrik, triveleg og inspirerande dag. Vi starta på Galleri Milda, og her skal du få eit lite innblikk derifrå. Vårens Kunstutstilling:
Gjestekunstner Hennie Henriksen , fra Grimstad. Akryl på lerret , diverse teknikker, deltatt på en rekke utstillinger i inn og utland.
Keramikk laget av Gunnvor Tangrand, Vevang. Bruksting og skulpturer.
Kunstglass fra Camilla og Jarle Knapstad, Kristiansand.
Milda har sin egen avdeling med mye nytt og spennende, både akryl på lerret og ”digigraphie trykk”. 







Her er det flotte paret som eig og driv Galleri Milda, Milda og Odd Varhaugvik. Eg fekk lov å lage blogginnlegg frå besøket. Eit veldig hyggeleg vertskap.



Uteområdet var også ei utstilling i seg sjølv. Vi vandra rundt både inne og ute. I hagen dukka det stadig opp ting. Bordfoten her ser eg er laga av den same symaskina, som eg fekk etter bestemor.


Nede ved sjøen var ei lita hytte, som sjølvsagt hadde kunst både inne og ute.



Fleire plassar var det fine plassar å slå seg ned.


Berre blide skapningar overalt.


Tenk å ha ein slik bolig oppi tréet då!


Inne i huset var det minst like inspirerande. Måleria er Milda sine verk. 


Snakk om koseleg kjøkken.


Utsikt frå nydelen av huset til gamledelen.


Det var kust overalt. På verandadøra,


på badet


og over oppvasken.


Både kjøkken og spisestue var i blått.


Og om ikkje alle inntrykka herifrå er nok, så er utsikta ein stor inspirasjon i seg sjølv. Etterpå drog vi til muséumsbygget Løvikremma for å sjå eit teppe som var brodert av ein damegjeng for 100 år sidan, og så i eit flott naust der vi spiste fiskesuppe og kosa oss. Marianne hadde stått på og ordna det så flott for oss på alle måtar. Tusen takk til henne og dei andre quiltesøstrene for eit triveleg samvær.

Om du vil sjå meir frå turen, så har eg laga dette innlegget på bloggen til Molde Quiltelag.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...